Tur: Fadnastølen over Åsen

Fadnastølen er den heimste støle på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome dit som gir deg gode moglegheiter til å variere turane dine.

Første alternativet er å ta av i Vetlagjerdet og gå opp til Åsen. Eit anna alternativ er å gå fram til Pyttadn og følgje traktorvegen til Fadnastølen. Vil du gjere turen skikkeleg lang går du til Fadnastøen frå Njøs eller evt. gå frå Gjerde for å gjere turen litt kortare. Ulempa med desse tre alternativa er at du endar opp på den sør-austre del av Fadnastølen og må krysse over til den sør-vestre for å skrive deg inn i turboka. Eit siste alternativ er å gå fram til Dalsete, ca 300 meter lengre inn Njøsadalen frå Pyttaden, og gå rett opp til Fadnastølen. Du kjem inn på den siste delen av stien som kjem frå Åsen.

For å gå til Fadnastølen over Åsen følgjer du traktorvegen i Njøsadalen ca 500 meter og tek av i Vetlagjerdet, etter å ha kryssa Njøsaelva. Eit skilt peikar deg inn på ein gamal kjerreveg som går du opp til Åsen. Oppe på Åsen svingar du av mot nord og følgjer gjerdet oppover til du kjem til traktorvegen som vart oppretta på slutten av 1990-talet. Denne skal du berre krysse og følgje eit lite stykke stien/vegen til eit inngjerda utmarksområde. Litt før grinda tek du av og går mellom gjerdet på vestsida og ein granskog på austsida. Når det er slutt på gjerdet, går du gjennom ein liten granskog før du startar på ei stigning. Eit lite stykke oppi kjem stien frå Dalsete saman med stien du følgjer. Stien frå Åsen kjem inn på sør-vestre del av Fadnastølen. Der heng boksen med turboka. Frå boka held du fram gjennom ein ørliten granskog, over marka opp til sælet/hytta øverst på Fadnastølen. Her får du den beste utsikta. Held du fram 50 meter forbi hytta, vil du sjå stauren med skilt som peikar mot Tuftahaug.

Advertisements

One thought on “Tur: Fadnastølen over Åsen

  1. Tilbaketråkk: Tur: Bjørgahaug frå Sanden | Arild Bjørk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s