Tur: Skagasete inn Njøsadalen

Stølen Skagasete ligg over Dalen-feltet på ca 600 moh. Den enklaste å kome dit er å følgje traktorvegen frå Kvålen opp til den gamle snuplassen, der vegen deler seg for å klatre bratt opp lia mot Skagasete eller held fram inn Njøsadalen mot snuplassen under Tuftahaug i Geitadalen.

Traktorvegen er fin å gå på og turen passar for alle. Frå Kvålen er det ca 4 km til du er framme på Skagasete. Du treng ikkje vere redd for å bli våt på beina dersom veret har vore so som som over lengre tid. Det einaste våte område du kan møte er ved ankomst stølsområdet, men her skal det vere å kome seg over ved å stige på steinar eller går rundt.

Njøsaelva følgjer du så å seie heile vegen. Du treng ikkje gå tørst. Det er nok av plassar å stoppe for å ta seg ein pust i bakken. Vel du å køyre fram til fremste snuplassen, er det berre 1 km å gå på ein grov traktorveg. På den andre sida vil turar til Hottadalen, Tuftahaug, Lusaskard og Fjærlandsete vere lettare tilgjengeleg.

Om vinteren blir det køyrt med både snøscooter og beltevogn i Njøsadalen som gjer at du kan følgje spora framover i dalen. Snøen vert rimeleg kompakt i spora og sjølv om det er nokre tyngre å gå enn ein sommardag, er det berre fin trim å kome seg fram dalen.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s